Eg tenkte eg skulle opprette denne bloggen for at dykk skal få delta i mine daglege tanker. Både på godt og vondt.
Det heile starta der eg sit no. D105 Stille lesesal, Hafstad vidaregåande.
Når eg sit her og setter opp ei maskin, kunne eg hatt det som plomma i egget. Ein ekstra laptop til musikk og chatting, gode DOC' halslinser å suge på, fred og ro og den friske lufta utanifrå. Men neidå. Dei fæle måsene skal absolutt drive å fly ute. Skriker og klager. Og kva praktisk grunn har dei til å fly rundt? Fange fisk? Eg som trudde at for mykje fisking allereie var eit problem. Einaste praktiske tingen eg ser er at dei dumme fuglane flyr rett i oljen etter at ein oljetanker har gått på land og oljen siv rundt på havet. Så hjelper måsene vertfall litt til med oppryddinga. Men veger det opp for alt det irriterande? Nei, trur ikkje det du.
JaJa. Vi får trøste oss med at det finst meir irriterande ting i verda. Raudhåra for eksempel.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar