onsdag 23. april 2008

Frykten for russen

Russen har i alle år vore frykta av førsteklassingar, andreklassingar og annan russ. Kva er det som gjer folk så redde for russen? Denne tanken slo meg verkeleg tidligare i dag. Då stod det 3 russ og røyka, utan nokon form for vatngevær. Likevel hadde ikkje dei 20 første-/andre-klassingane som sto i døra nok mot til å gå ut. Kor er det frykta kjem frå? Er det dei skarpe fargane i kleda? I så fall, kvifor går ikkje det norske militæret med dei fargane? Når man reiste i militæret måtte man ta med dei gamle russekleda sine. Då hadde nok Noreg blitt eit mykje skumlere land. Sendt 30-40 soldatar ikledd russeklede over grensa til Russland. Alle dei russiske styrkene hadde jo overgitt seg. Eller så kunne man berre sendt russ ut i krig. Venter man til dei blir fulle nok hadde det nok gått.

Men over til saka igjen. Det er jo dei same folka som for ei veke sida. Greit nok å ikkje ville gå ut når dei kjem springane med vatngeværa sine, men ikkje når dei berre står og tar ein røyk. Fortsetter den yngre generasjonen å vere så redde, kjem Noreg til å vere under svensk styre om 20 år.

So the point: Fight back! Power to the people!

Ingen kommentarer: