torsdag 24. april 2008

Førdes nye lensmann

Det no bestemt. Jan Egil Tvinde blir ny lensmann i Førde og Naustdal. Jan Petter Sæbø og Magne Faleide søkte også på stillinga, men var avviste. Spørsmålet er: Kan verkeleg Jan Egil Tvinde vere den rette mannen for jobben. Det er ikkje meir enn nokre få månader sida at NRK fann ut at Tvinde køyrde med utgåtte oblatar på bilskilta sine. Dessuten har du reaksjonen hans etter at det vart funne ei cannabisplante i blomsterbeddet utanfor Firda Billag.
Som det sto på Firdaposten sine sider:

– Nei, det har eg ikkje høyrd noko om. Det er jo nesten for godt til å vere sant, ler han.

– Ja, eg kan stadfeste at det heilt sikkert er ein cannabisplante, seier Tvinde seinare på dagen.

– Så no har vi henta planten og destruert den, seier Tvinde, som takkar Firdaposten så mykje for tipset.


Det er jo ikkje tvil om kva som hende her. For dykk som ikkje er like raske i hodet som meg, her kjem ein par hint:
-Tvinde var glad når han høyrde det. "Det er jo nesten for godt til å vere sant"
-Han veit kva han snakker om "Eg kan stadfeste at det heilt sikkert er ein cannabisplante"
-Destruert planta = røyke til det er tomt
-Takkar Firdaposten = var sjølv tom for hasj

Trur ikkje det er meir å sei om denne saka.
Er då dette den personen vi vil ha som øverste leder her i Førde og Naustdal?
Dette kjem vi tilbake til lenger ut i arbeidperioden hans.

For no, over og ut.

Ingen kommentarer: